lørdag 6. februar 2010

El Mercado Central

Mercado Central, direkte oversatt tyder det sentralt marked. Ingen grunn til å komme opp med fiffige formuleringar. Det enkle er ofte det beste: Sentralt marked. Midt i Sucre. Alt du treng til middagsbordet i eit tre-etasjers murbygg med flassande veggar og støyande atmosfære. På tvers av sosiale klasser møtast bolivianarar på markedet. Sjølv dei som vanligvis føretrekkjer sterile butikklokaler med internasjonale merkevarer, trekkjer mot markedet for å finne dei beste råvarene. Mercado Central har dei flottaste fargane, dei ferskaste fruktene, dei mest smakfulle grønnsakane. Og dei beste prisane.







søndag 31. januar 2010

Kirkegården




Kirkegården el Cementerio i Sucre er som ein eigen bydel for dei døde. Høge portar og grønt landsskap som spirer opp mellom sorgen. Fontener. Kirkegården har alt europeiske rekreasjonsparkar drøymer om, men som ingen klarer å vedlikehalde. For dyrt. El Cementerio er ein arbeidsplass. Gartnarar som passar på det grøne, guidar som gliser bredt mot amerikanske turistar, forbedarar som sender gode tankar mot eitpar centavos og studenter som finn roa under trekronene. Som ellers i det bolivianske samfunnet, er kirkegården inndelt etter hierarkisk orden. Har ein pengar kan ein bygge sitt eige marmorkapell og sove evig i luksus. Fattiglusene delar gravplass, hulter til bulter med andre kremerte. Dei etterlatte må nærmast tråkke på andre graver for å komme fram til sine kjære.



Det interessante ved katolske kirkegårdar er at dei osar av symbolikk. Ved gravkammera er det gjerne glasvindauge der pårørande stiller ut gjenstander til minne om den avdøde. Ofte gir gjenstandane eit hint om livsstil eller dødsårsak; Ein trailersjåfør med ein minityr-øl i plast. Eit og anna glasmonter overdryssa med aske frå ein pakke sigarettar. Eit vannglass for å stilne tørsten til den reisande. Eller blomar til minne om den som eingang elska blomar.



Eit vanleg fenomen er også at ulike selskap bygger eigne gravplassar til avdøde ansatte. Eit trailerselskap satsar stort. I utkanten av kirkegården står eit tre-etasjer høgt nybygg fullt av gapande, tomme, ventande gravkammer. Berre den siste månaden har dødsulykker langs bolivianske vegar tatt nærmare 20 liv. Så det er kanskje ikkje så rart at trailerselskapa sikrar evigheita for sine sjåførar. Likevel ville vel pensjonsavtaler vore å føretrekke.

onsdag 27. januar 2010

4060 m over havet


Potosí: Med sine 4060 meter over havet, er den bolivianske fjellbyen nærmast himmelen av alle verdas byar. Likevel er det eit snev av helvete over Potosí. Sølvgruvene suger livsgnisten frå fjellandskapet, og gjer sørgjelege innhogg i den mannlege delen av fjellfolket. Gruvearbeidarane byrjar i ung alder. Mellom 11 og 15 år gamle ofrar gutar i Potosí livet for sølvindustrien. Dei arbeider lange dagar utan dagslys, medan det fine sølvstøvet klistrar seg til lungene. Sakte, men sikkert forgiftast kroppen frå innsida til gruvearbeideren trekkjer sin siste pust i ein alder av max 50 år. Det er pengane som har skylda. 40 bolivianos (33,3 kroner) daglig utkonkurrerer dei fleste alternative vegar til å skaffe seg eit levebrød.




Sjølv heldt eg ikkje ut lenger enn ein knapp time. Det grå støvet tettar luftvegar og legg seg som eit giftig hudlag over andletet. - Ikkje ta på ledningane! Ikkje slikk dykk rundt munnen!, sa guiden. Dess lenger inn i fjellet vi kom, dess trangare var tunnelen. Samtidig vart lufta stadig tettare av svevande partiklar som dansa rundt i naseborene. Nokre stadar kunne ein skimte innbilte lause steinar som venta på eit hovud å treffe. Og der: STOPP. SLEPP MEG UT! Medan dei andre fortsette mot djevelen el Tío 30 meter nede i fjelldjupet, venta eg i dagslyset utenfor gruvegangen. Ja, det var eit nederlag.




I fjor døde 40 gruvearbeidarar i Potosí. Desperasjonen etter å klemme den minste dråpe av verdi ut av fjellveggen, har ført til at ein ikkje lenger har oversikt over antallet gruver. Fjellet er som holete sveitserost. Stadig må fjellmassene gi etter for tygdekrafta og arbeidarar begravast under samanraste gruvegangar. Hittil i år har 2 gruvearbeidarar omkomme. Og fortsatt er størsteparten av 2010 ukjend. Dei jobbar mot tida. For kvar sprengladning som går av, beveger Potosí seg eit skritt nærare fjellets død. Men før den tid gjeld det å redde verdiane, dei verdifulle giftige mineralane som forsyner byen med livsnerve. Den skitne lunga som puster liv i byen. Det er russisk rullett. Kvar dag.



mandag 25. januar 2010

Slottsbesøk


Spora etter dei spanske conquistadorane som koloniserte Bolivia på 1500-tallet, er fortsatt synlege. El Castillo i Sucre er eit malplassert europeisk slott midt på den bolivianske landsbygda. Velstanden innanfor den høge slottsporten vitnar om utømmelege sølvgruver i Potosí, samt kvalmt royalt pengebruk: privat jernbane, hestestall og store parkområder reservert for bleike spanske leggar. Sjølv med overflod av luksus hadde det spanske kronprinsparet eit ræva, barnløst ekteskap med atskilte senger. Slottet i Sucre var for campingferie, og dei royale tilbrakte størsteparten av året i Europa. Å besøke slottet var som å innta ein boliviansk Disneworld utan karusellar. Berre synd prinsen min er i Norge..

søndag 24. januar 2010

Dinosaurspor





El parque Crétacico er Sucres joker. 20 minutt utanfor sentrum ligg eit eldorado for geologar og Jurrasic Parc fanatikarar. Det påstås nemleg at ein innsjø dekte store deler av Andesfjella under dinosaurtida, og omlag heile Sucre var ei Sareptas vannkrukke for prehistoriske vesen. Arbeidarar ved ein sementfabrikk fann ei fjellside med fossilerte dinosaurspor, og dermed vart området verna. Dinosaurparken inneheld fleire meterhøge plastikk-dinosaurer med lydeffekter og dinosaursuvenirar enn faktiske fossilar.( Eg såg berre ein! og trur den er fake... )Uansett er dinosaurparken eit must når ein fyrst er i Sucre. Det største aberet er at fjellveggen med dinosaurspor må ein iaktta gjennom kikkert. Det kan være dinosaurspor..eller noko heilt anna. Vanskeleg å avgjere, men fascinerande; Ja.

onsdag 20. januar 2010

Indianerkultur


Sucre er kjent som ein rasistisk by. Indianerkulturen vert ikkje tillegna særleg stor verdi, med unntak av dei tilfeller der det gagnar turistindustrien. På kulturmuseet i Sucre kan ein sjå håndverksprodukt, instrumenter og tradisjonelle indianerdrakter. Det fascinerande er at museet er som ein fristad der ein hyller dei indianske tradisjonane. Men i gatene utanfor, tilhøyrer indianerbefolkninga det kulturelle lavsjiktet. Gamle, magre menneske med ei utstrakt hand som tiggar om pengar. Slik er det indianske byansiktet. Dei er rurale, ikkje-spansktalende, og ifølge dei fleste innbyggjerane i Sucre; bør-dei-halde-seg-på-landsbygda. Jevnleg demonstrerar los campesínos, indianerbøndene i den urbane bykjernen. Kledde i tradisjonelle drakter og med sitt eige språk, quechua, roper dei slagord. President Evo Morales er sjølv Aymara-indianer. Han har gitt indianerbøndene ei rekke nye rettigheiter. Blant anna ei slags trygd, som utbetales i bankane i byen. Harmen blant lokale Sucreanere, kan sammanlignast med nordmenns irritasjon over late trygdemisbrukarar. Kynisk, men på ein måte forståeleg..

Skulevegen


Eg er lat. Det kostar 4 bolivianos å ta taxi i Sucre. Det tilsvarer litt mindre i norske kroner. Dei fyrste dagene kunne ein skylde på høgda. 2750 meter over havet gir ein svimlande følelse ved trappegang. Andre gode grunnar til å ta taxi er diarè. Men denne veka gjenstår berre latskapen. Dei dagane eg faktisk går til språkskulen, som i dag, tar det 30 minutt. Forbi gatehunder, småbutikkar der dei sel frukt og sjokolade, og gjennom velstelte gater med eit spindelvev av ledningar. Det er ein god start på dagen, før pasado simple og verbos overtar. Dette er den 3. veka med språkkurs. Veldig lærerrikt!