Kirkegården el Cementerio i Sucre er som ein eigen bydel for dei døde. Høge portar og grønt landsskap som spirer opp mellom sorgen. Fontener. Kirkegården har alt europeiske rekreasjonsparkar drøymer om, men som ingen klarer å vedlikehalde. For dyrt. El Cementerio er ein arbeidsplass. Gartnarar som passar på det grøne, guidar som gliser bredt mot amerikanske turistar, forbedarar som sender gode tankar mot eitpar centavos og studenter som finn roa under trekronene. Som ellers i det bolivianske samfunnet, er kirkegården inndelt etter hierarkisk orden. Har ein pengar kan ein bygge sitt eige marmorkapell og sove evig i luksus. Fattiglusene delar gravplass, hulter til bulter med andre kremerte. Dei etterlatte må nærmast tråkke på andre graver for å komme fram til sine kjære.
Det interessante ved katolske kirkegårdar er at dei osar av symbolikk. Ved gravkammera er det gjerne glasvindauge der pårørande stiller ut gjenstander til minne om den avdøde. Ofte gir gjenstandane eit hint om livsstil eller dødsårsak; Ein trailersjåfør med ein minityr-øl i plast. Eit og anna glasmonter overdryssa med aske frå ein pakke sigarettar. Eit vannglass for å stilne tørsten til den reisande. Eller blomar til minne om den som eingang elska blomar.
Eit vanleg fenomen er også at ulike selskap bygger eigne gravplassar til avdøde ansatte. Eit trailerselskap satsar stort. I utkanten av kirkegården står eit tre-etasjer høgt nybygg fullt av gapande, tomme, ventande gravkammer. Berre den siste månaden har dødsulykker langs bolivianske vegar tatt nærmare 20 liv. Så det er kanskje ikkje så rart at trailerselskapa sikrar evigheita for sine sjåførar. Likevel ville vel pensjonsavtaler vore å føretrekke.
Hei, hå! Du skriv godt og interessant, og tek flotte bilete. Du opplever visst både det eine og det andre, ser det ut til. Sjølv er eg på Island for tida, der eg har mitt eige vesle eventyr. Ein månad som "utvekslingstudent" med litt ferie attåt (det er i alle fall planen). Eit bra land, trass i iskald vind. Eg og du sjåast nok i konfirmasjonstider, ja, som du antyder i ein kommentar lenger nede. I mellomtida fyl eg til tider med her på bloggen. Stå deg godt.
SvarSlett