Dette er ein blogg for spesielt interesserte, som likar meg eller elskar meg. Eller for dei som ynskjer å lese litt kvardagskuriosa om Bolivia.
mandag 25. januar 2010
Slottsbesøk
Spora etter dei spanske conquistadorane som koloniserte Bolivia på 1500-tallet, er fortsatt synlege. El Castillo i Sucre er eit malplassert europeisk slott midt på den bolivianske landsbygda. Velstanden innanfor den høge slottsporten vitnar om utømmelege sølvgruver i Potosí, samt kvalmt royalt pengebruk: privat jernbane, hestestall og store parkområder reservert for bleike spanske leggar. Sjølv med overflod av luksus hadde det spanske kronprinsparet eit ræva, barnløst ekteskap med atskilte senger. Slottet i Sucre var for campingferie, og dei royale tilbrakte størsteparten av året i Europa. Å besøke slottet var som å innta ein boliviansk Disneworld utan karusellar. Berre synd prinsen min er i Norge..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar