onsdag 20. januar 2010
Indianerkultur
Sucre er kjent som ein rasistisk by. Indianerkulturen vert ikkje tillegna særleg stor verdi, med unntak av dei tilfeller der det gagnar turistindustrien. På kulturmuseet i Sucre kan ein sjå håndverksprodukt, instrumenter og tradisjonelle indianerdrakter. Det fascinerande er at museet er som ein fristad der ein hyller dei indianske tradisjonane. Men i gatene utanfor, tilhøyrer indianerbefolkninga det kulturelle lavsjiktet. Gamle, magre menneske med ei utstrakt hand som tiggar om pengar. Slik er det indianske byansiktet. Dei er rurale, ikkje-spansktalende, og ifølge dei fleste innbyggjerane i Sucre; bør-dei-halde-seg-på-landsbygda. Jevnleg demonstrerar los campesínos, indianerbøndene i den urbane bykjernen. Kledde i tradisjonelle drakter og med sitt eige språk, quechua, roper dei slagord. President Evo Morales er sjølv Aymara-indianer. Han har gitt indianerbøndene ei rekke nye rettigheiter. Blant anna ei slags trygd, som utbetales i bankane i byen. Harmen blant lokale Sucreanere, kan sammanlignast med nordmenns irritasjon over late trygdemisbrukarar. Kynisk, men på ein måte forståeleg..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kjære Siv Iren. Dette er slikt som alle drøymer om, men som berre du gjer. Du er ein tøffing, men det visste du nok frå før. På ein måte misunner eg eventyrlysta di og motet ditt, på ein annan måte ikkje. Eg kjenner i alle høve at eg synest det er leit at eg ikkje fekk sett deg i jula. Det vert så lenge mellom kvar gong. Naturleg nok. Vonar du får mykje ut av opphaldet ditt i Sucre. Eg kjem til å fylgje deg her. Klem frå Kristi
SvarSlettHei Kristi! Eg veit. Hugsar ikkje sist eg såg deg! Altfor lenge sidan! Du får gje ein lyd om du kjem til Bolivia i nær framtid. Eg vert aldri voksen. Har fortsatt eventyrlyst, men det kostar! Me sjåast kanskje i mai, når det er konfirmasjonstider i Dalsfjord? :) Klem, Siv Iren
SvarSlett