Flyturen byrja ugudeleg tidleg. Det var iskaldt. Noreg var som eit isslott med døsige hutrande menneske. Etter ein uungåeleg trist avskjed såg eg sikkerheitskontrollen gjennom tårer. Slik omlag byrja 2010, og eit 4-månaders opphald i Sør-Amerika. Flyet gjekk via Amsterdam, Lima og La Paz og var som dei fleste andre flyturar; spekka med keisemd, lufttrykk og ein plastpose med pocketbøker.
Denne elektroniske dagboka skal etter kvart fyllast med bilder og ymse frå min kvardag i Sucre. Er som vanlig seint ute, så for ta ei rask oppsummering av januar hittil:
* Bur hjå vertsfamilie
* Går på spanskkurs
* Er til tider matforgifta
* Saknar Nico, familien og mine kjære i Kristiansand.
* Ellers; alt ok.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar